top of page

PLEIE OG VEDLIKEHALD

SÅPEVASKA MØBLAR:

Våre såpevaska møbler er behandla med natursåpe (grønsåpe). Dette gjev ein avgrensa vern mot væskesøl, men du får ei glatt og naturleg over ate. Her krevst jamnleg vedlikehald med grønsåpebehandling (1:10). OBS: Ved for sterk grønnsåpeblanding kan garvesyra i materialet reagera med med såpa og medføra misfarging. Vask med lofri klut, og tørk av etter kort tid med ny tørr, lofri klut. Eventuell berreising etter påføring av grønsåpeblanding pussast jamnt av i treets lengderetning med fint slipepapir. Kornstyrke avhenger av mengden fiberreising, men me tilrår å starta på 240. Flekkar og merke kan også nt slipast bort framføre å skurast bort. Påfør i tilfelle alltid ny overatebehandling etter sliping. For ekstra beskyttelse av ditt såpevaska møbel anbefalar me å nytte Natural Soap Protector frå Leather Master. 

STOFFMØBLAR:

Stoffmøblar krev også vedlikehald. Her er det i stor grad føre-var prinsippet som gjeld. Feittenzymar frå hud og mat er med på å bryte ned stoffet, og jamnleg reinhald er nøkkelen til langvarig glede av ditt stoffmøbel. Nytt gjerne stoff-impregnering for å skapa ei vernande hinne mot fekkar. Dette er ikkje gjort når stolane blir leverte frå fabrikk. Me anbefalar Leather Master Textile Clean & Protect for reingjering og impregnering, samt Textile Stain Away for flekkfjerning. 

HUDMØBLAR:

Hud brukt i møbler treng - som di eiga hud - fuktigheit og reingjerning. Feitt-enzymer og smuss medverkar over tid til å bryta den ned, difor krev møbelet jamnleg reins og smøring. Til dette tilrår me å bruke Leather Clean & Protect Kit fra Leather Master. 

LAMINAT OG NANO-LAMINAT:

Laminat er eit slitesterkt materiale som samstundes krev lite vedlikehald. Dagleg reingjering gjerast med ein fuktig, rein og lofri klut. Nytt aldri sulfo eller andre aggressive reingjeringsmiddel, då det kan etterlata feitt eller andre flekkar på overflaten. Raudvin, blekk, raudbetesaft, fruktjuice eller liknande kan gje misfarging og bør difor fjernast omgåande. Strekar etter kulepennar eller liknande fjernast enklast med Inkaway frå Leathermaster; strekar etter blyantar med viskelær. Nytt ikkje skurepulver, stålull eller liknande slipemiddel; dette kan ripe opp over ata. Ein klut eller melaminsvamp kan på nano-laminat enkelt fjerne mindre riper og feittmerker. 

OLJA MØBLAR:

Fleirtalet av møblane i vår kolleksjon er olja møblar i heiltre. Heiltre er eit naturmateriale som vil reagere forskjellig frå trestykke til trestykke. Alle Torpe-bord er langtidstørka i kalde, tørre klima: Dette for å stabilisere treverket så mykje som mogleg før bruk. Når møbelet blir plassert i sin nye heim, vil det byrje prosessen med å tilpasse seg det nye klimaet i rommet. Dette medfører meir rørsle, og meir trong for pleie. Dei fleste møbler har tilpassa seg i løpet av 2 år, noko avhengig av dimensjonane til møbelet. Etter dette er møbelet i stor grad stabilisert, og vil kreva mindre vedlikehald. Blir det lett flekkar, sjølv fra vatn, betyr det at bordet er for tørt og krev tilføying av fuktigheit.

 

Påfør olja med lofri klut i sirkulære rørsler. Gni olja godt inn i treverket. Avslutt med å tørke over i treet sin lengderetning. (Dersom treverket er veldig tørt og det berreising oppstår, kan ein fint nytte Scotchwipe eller liknande middel. Pass då på å bruka rikeleg med olje for å unngå grove riper i treverket). Lat olja tørke eit lite minutt før du tørker over med ein ny, tørr, lofri klut. Sjå over i lyset og tørk så jamnt som mogleg. OBS: Det beste er å brenne dei brukte klutane i omnen, då dei kan sjølvantenna etter bruk. Kontakt din lokale møbelhandlar for å skapa til vegs tilrådde vedlikeholdsmiddel.

 

Dersom de ønsker ei overflate som krever mindre vedlikehald enn våre standard oljer, kan me tilrå å påføre ei voks-olje, eventuelt ein klar voks. Til dette tilrår me Wood Wax Oil eller Protect Spray Wax, begge frå Leather Master.

 

Natur eik:

Alle møbler i naturolja eik skal vedlikeholdast med vanleg, klar møbelolje. Frå fabrikk kjem bordet i ein voksfri olje. For å ta vare på den opprinnelege finishen anbefaler me derfor å halde fram med ein voksfri, klar møbelolje. Me anbefaler å nytte Leather Masters Wood Natural Oil.

 

Røykt eik:

Alle møbler i røykt olja eik skal vedlikeholdast med vanlig, klar møbelolje.
Eikemateriale blir gulare med åra, og me anbefaler derfor å nytte Leather Masters Wood Smoked Oil utan voks for vedlikehald kvar 3-4 gong, for å piffe opp den originale fargen. Har det blitt pussa eller slipt på møbelet må slik olje nyttast, for å unngå gule flekker på møbelet.

 

Grå eik:

Alle møbler i gråolja eik skal vedlikeholdast med vanlig, klar møbelolje. Eikemateriale blir gulare med åra, og me anbefaler derfor å nytte Leather Master Wood Grey Oil utan voks for vedlikehald kvar 3-4 gong, for å piffe opp den originale fargen. Har det blitt pussa eller slipt på møbelet må også denne oljen benyttes, for å unngå gule flekker på møbelet.

 

Kvitolja eik:

Alle møbler i kvitolja eik skal vedlikeholdast med kvitpigmentert, voksfri møbelolje. Eikemateriale blir gulare med åra, så prøv å justér mengden kvitolje for å ta vare på den originale fargen. Til dette tilrår me å nytte Leather Master White Wood Oil, utan voks. Har det blitt pussa eller slipt på møbelet må også denne oljen benyttes, for å unngå gule flekker på møbelet

 

Antikk kvitolja eik:

Alle møbler i antikk kvitoljet eik skal vedlikeholdast med kvitpigmentert, voksfri møbelolje. Eikemateriale blir gulare med åra, så prøv å justér mengden kvitolje for å ta vare på den originale fargen. Til dette tilrår me å nytte Leather Master White Wood Oil, utan voks. Har det blitt pussa eller slipt på møbelet må også denne oljen benyttast, for å unngå gule flekker på møbelet. 

bottom of page